Supertorsdag

Kickoff for Eat Move Sleep

Torsdag ettermiddag fekk j15/16 vere med på ei trening i regi av landslagstrenar Erland Johnsen. Dette var stort både for jentene, og trenarar/foreldra som hadde møtt opp.

- Det var veldig morsomt å trene desse jentene, dei følgde med og var veldig lærevillige. Så dette var kjekt, sa Erland Johnsen etter økta med Sogndal j15/16.

Å få besøk av ein landslagtrenar er ikkje kvardagskost. Sogndal Fotball hadde få æra av å få besøk av Erland Johnsen. Johnsen, som er tidlegare proff og har spelt for klubbar som Bayern München og Chelsea og i dag er trenar til Norges G15/16 lag, starta dagen med å trene jentelaget 15-16 til Sogndal.

Besøket til Johnsen er i samband med Eat Move Sleep Cup som Sogndal i år er ambassadør til. I helga blir det ei stor helg med cup i Sognahallen og på campus.

Under treninga kom Johnsen med fleire nye og lærerike øvingar som ein kunne sjå jentene likte. På tribune var det fleire interesserte forledre og trenarar å sjå. Desse tok i mot all av informasjon som Johnson delte under treninga.

– Eg kjem til å snakke meir om dei tingene rundt fotball utanfor bana enn det som skjer på bana. Det er dei det som oftast ikkje blir snakka like mykje om, men det er minst like viktig å ha fokus på.

— Erland Johnsen

Torsdagen blei avslutta med eit seminar om Eat Move Sleep av Johnsen, som handla om korleis ein skal tilrettelegge for å bli ein god utøver.

– Eg kjem til å snakke meir om dei tingene rundt fotball utanfor bana enn det som skjer på bana. Det er dei det som oftast ikkje blir snakka like mykje om, men det er minst like viktig å ha fokus på, fortale Johnsen.

Informasjonen under presentasjonen var ein tankevekkar for fleire og mykje kan ein bruke både under trening, men også generelt i livet.

Annonse fra Obos-ligaen: