Tap i Trondheim

Rosenborg vart for sterke

Gutta stod godt i mot i 60 minutt. Deretter kom 6-7 vonde minutt der heimelaget skåra 3 gonger, slik at det vart 3-0 på Lerkendal.


Det var ein fin dag for fotball i Trondheim. Sola kom fram og temperaturen var ikkje so galen. 17000 på tribuna og ei strøken grasmatte. Me stilte et veldig ungt mannskap, der Johan Hove fekk tillit frå start på ny etter den flotte kampen mot Odd.

Gutta våre kjempa godt mot det beste laget i landet, og stod i mot ei rekkje med vel meritterte spelarar. Trenar Eirik Bakke var stolt over innsatsen og gutta sine etter kampslutt, 0-3 til tross.




For nokre månadar sidan håpa Ulrik Fredriksen på å få eit par innhopp i løpet av sesongen. Etter debuten har han vore fast inventar i forsvarsrekkja, og i går fekk han prøva seg mot namn som Bendtner og Helland foran eit stort publikum på Lerkendal. Ulrik spelte ein ny god kamp for Sogndal.




Heilt bakerst stod Mathias Dyngeland og såg at gutta foran seg "sprang ræven av seg". Mathias varta opp med eit par gode redningar, og gjorde ein god kamp. Kapteinen sa at det var mykje positivt å ta med seg på bussen heimatt, sjølv etter eit 0-3 tap.


Me stod i mot lenge. Sett vekk i frå den perioden då måla kom, gjennomførte unggutta ein bra kamp. Det første målet var signert Matthias Vilhjalmsson i 61. minutt, deretter putta Milan Jevtovic i 65. og 67. minutt.

For statistikk om Eliteserien med dei siste resultata og tabell m.m, sjå VG Live

Les om kampen i Sogn Avis

Les om kampen i Firda

Annonse:
No ventar ei kjekk veke. Neste helg er det Lerum Cup og på laurdag kveld er det duka for eit skikkeleg vestlandsderby då me får våre vener frå Aalesund på besøk. Den kampen startar klokka 20.15, og det blir ein fest både på bana og på tribuna. Billettar kan kjøpast her.

Annonse fra Obos-ligaen: