Tap mot Rosenborg

Trønderane vart for sterke

Det vart 0-3 og tap mot Rosenborg på Fosshaugane Campus i dag. Stillinga til pause var 0-1.


Les om kampen i Sogn Avis

Kampen var jamn før kvilen, men det var bortelaget som fekk skåringa ved Milan Jevtovic i det 31. minuttet.

Etter pause skåra bortelaget to til ved Fredrik Midtsjø (56') og Matthias Vilhjalmsson (78'). Me hadde eit par feite sjansar, som då Eirik Birkelund skaut i stanga på stillinga 2-0.

Les om kampen på NRK 

No ventar eit par veker med ferie for gutane. Dei skal ikkje ligge på latsida, då alle får med seg treningsopplegg som dei må gjennomføra.

Me tek ferie etter 17 serierunder. Med tanke på alle skadeproblemane me har hatt, har me hatt ein god vårsesong. Det påpeiker Eirik Bakke til lokalavisa.

Sogn Avis: - Ein større prestasjon enn at Rosenborg leiar serien

Kampreferat Firda Live

Annonse fra Obos-ligaen: