Tenner eit lys for Svein

I dag er det to år sidan me fekk den vonde bodskapen om Svein Bakke sin bortgang. Difor tenner me eit lys for han i dag.

Svein er med oss i alt me gjer fortsatt. Han er djupt sakna, men me er óg veldig glade og takknemlege for alt det han gav oss.

Noko av det Svein brann mest for, var fotball for dei yngre. Eit av hans siste prosjekt var å få på den legendariske Grendacupen på beina att etter nokre år i dvale. 

No er det snart tid for ny Grendacup. Den 29. desember brakar det laust i Sognahallen, der skuleungar frå 4. til og med 8. klasse kan delta.

Me håpar at mange blir med på årets Grendacup. Les meir om arrangementet her.

IMG_0043
Svein, slik me hugsar han. Smilet alltid på plass.
Annonse fra Obos-ligaen: