Tine Fotballskule 2018

Sogndal Fotball arrangerer Tine fotballskule i veke 33

Tine Fotballskule går snart av stabelen igjen, og me gjer oss klar til å ta i mot spelarar fødd i 2007 til 2011.

Det er 130 plassar tilgjengeleg i veke 33. Det kan vere lurt å vere ut i god tid, då det i fjor vart fullbooka tidleg.

Veke 33: måndag 13.august til torsdag 16.august (frå 10:00-14.00 kvar dag) - Pris kr 800.

Klikk her for påmelding

Ein klassisk dag hjå oss:
10:00-11:30 Fotballøkt 1
11:30-12:15 Lunsj
12:15-13:55 Fotballøkt 2
13:45-14:00 Samling i sirkelen og info om neste dag

Instruktørar under årets Tine Fotballskule vil vera trenarar og spelarar frå kubb.

Betaling:
Ved registrering i Sognahallen måndag er det mogleg å betale med kort eller kontant. 
Syskenmoderasjon: 20 % for barn nr.2 og 40 % for barn nr.3 og fleire.

Inkludert i prisen:
Utstyr frå Tine (sekk, t-skjorte)
Umbro ball
Billett til ein valfri heimekamp med Sogndal Fotball
Drikke til lunsj kvar dag
Grillmat siste dag

Praktisk informasjon:
1.Tine Fotballskule startar måndag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:00 i Sognahallen.

2.Tysdag til torsdag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09:50.

3. Deltakarane kan på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

4. Henting mellom klokka 13:55-14:15 i Sognahallen. Ansvarleg frå Sogndal Fotball vil vere i hallen til 14:30 kvar dag det er fotballskule.

5. Fotballøktene vil vere i Sognahallen, Fosshaugane Campus og på Kvåle Stadion.

6. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke (utanom grilldagen)

Klikk her for påmelding

Annonse fra Obos-ligaen: