Trening og seminar med landslagstrenar

Sogndal: Torsdag 19. oktober er me så heldige å få besøk av U15 landslagstrenar Erland Johnsen.

Som éin av 35 klubbar i landet har Norges Fotballforbund (NFF) og BAMA valt ut Sogndal Fotball til å vere Eat Move Sleep-ambassadør i 2017. 

Ein av våre oppgåver er å arrangere ein spennande Eat Move Sleep fotballcup der me i tillegg til kampane vil lærer spelarar og foreldre viktigheita av eit sunt og godt kosthald, nok fysisk aktivitet og god søvn.

Besøk av landslagstrenar Erland Johnsen
Torsdag 19. oktober er me så heldige å få besøk av U15 landslagstrenar Erland Johnsen. Johnsen er tidlegare landslagsspelar og har spelt for klubbar som Bayern München, Chelsea og Rosenborg. Johnsen har også brei trenarerfaring med engasjement i Follo, Lillestrøm og Strømmen.

Trening med J15/16
Saman med Sogndal Jenter 15/16 år skal Johnsen vise korleis man på ein god måte organiserar og gjennomfører ei trening, og deretter skal han ha eit lite seminar. Der vil Johnsen kome med fleire fotballfaglege råd, svare på spørsmål og fortelje kvifor me alle vil ha glede av å etterleve tipsa i Eat Move Sleep.

Treningen med Sogndal Jenter 15/16 år vil finne stad i Sognahallen torsdag 19.okt kl.17.00-18.30. Dette er ei ope trening der alle er velkomne til å sjå. 

Seminar
Kl 19.00-20.00 held Johnsen seminar i Auditoriet v/Stallen (1.etg Fosshaugane Campus).
Dette er eit foredrag som både er egna for trenarar og utøvarar.

Foredraget er ope for alle og gratis.

Enkel servering av frukt og drikke.

Delta på Eat Move Sleep Cup - registrer ditt lag her.

Sogndal Fotball er stolte over å ha blitt utnemnt til Eat Move Sleep-Ambassadør, og synes det er flott av me som klubb kan vere med å sette sunn livsstil blant barn og unge på dagsordenen.

Foto: Thomas Brekke Sæteren

Annonse fra Obos-ligaen: