Uavgjort i Stavanger

Det vart 1-1 mot Viking i kveld

Det vart 1-1 og eit viktig poeng med heim då me møtte Viking på Viking Stadion i kveld.

Les om kampen i Sogn Avis

Stillinga til pause var 0-0, etter at me hadde hatt dei største sjansane.

Viking fekk det første målet i kampen på ein corner. Me var ti mann på bana etter at Kjetil Wæhler diverre slo opp kneskaden sin og måtte gå ut. Han vart erstatta av Espen Næss Lund.

Gutta slo så tilbake rett etterpå. Eirik Schulze stussa ballen til Martin Ramsland som fekk ein lang tå på ballen og vippa den forbi ein uheldig Iven Austbø i Viking sitt mål. Åleine på blank goal hadde ikkje sørlendingen problem med å setja ballen i nota.


Kampreferat Firda Live

Les om kampen på NRK Sogn og Fjordane

Me snakka med kaptein Mathias Lønne Dyngeland, som stod ein ny god kamp. 



Trenar Eirik Bakke var imponert over laginnsatsen, nok ein gong. Han trakk fram Taijo Teniste som eit eksempel.

- Etter min meining banas beste i dag, ein gut som ikkje har fått trent heile veka.

Me hadde solid støtte frå tribuna i dag, og ein stor gjeng frå Mandal heia ekstra på dei to lysluggane på topp.


No ventar ei ny treningsveke, og på laurdag er det kamp mot Rosenborg på Fosshaugane Campus. Billett til den kampen kjøper du her.

Annonse fra Obos-ligaen: