Ute av cupen

Ufortent tap mot Brann i kveld

Det vart 1-2  mot Branni kveldens kamp på Fosshaugane, i 3. runde av NM. Me tok leiinga på straffe ved Sigurd Haugen, men bergensarane snudde kampen med to kjappe skåringar før pause. Etter kvilen klarte ingen å få kula i nettet, og med det er Brann vidare til 4. runde i cupen.


Les om kampen i Sogn Avis

Sjølv om det vart ein brå slutt på cupeventyret, og det aldri er kjekt å tapa kampar, var det mykje positivt å ta med seg vidare i sesongen. Me møtte eit robust og sterkt Brann-lag, som ligg og knivar i toppen av Eliteserien, og kom godt i frå det. No skal me nullstilla inn mot helgas kamp mot Skeid.

Les om kampen i Firda

Keeper Mathias Lønne Dyngeland linkast til Brann i Sogn Avis, me snakka med ein kaptein som var skuffa over resultatet, men nøgd med karane sin prestasjon.



Også trenar Eirik Bakke likte innsatsen me såg på bana i dag.

Til helga er det Lerum Cup, og på søndag møter me Skeid. Billettar til den kampen kan du kjøpa her

Annonse fra Obos-ligaen: