Vegards Krefttråkk

Syklar Jotunheimen rundt for å gleda kreftråka barn

7. juli 2017. 430km. 4609 høgdemeter. Jotunheimen rundt.

Det er litt av ei styrkeprøve dei 20 syklistane frå Sogndal og omeng skal gje seg i veg på. Med Vegards Skjeldestad i spissen utfordrar dei seg sjølve og lokalsamfunnet til å bidra til å hjelpe kreftråka barn.

Sjå video nedst i saka

- Det heile starta i fjor då eg høyrde som ein liknande sykkelgjeng som sykla til inntekt for kreftforeningen. Då var eg snar ute og tenkte ”dette må jo me få til her i Sogndal også”, fortel Vegard Skjeldestad.

Her frå ein av dei mange turane til Hella
Her frå ein av dei mange turane til Hella

Sidan 1.januar 2017 har Vegard og resten av syklistane trent systematisk for å førebu seg til den tøffe sykkelturen. Dei har trent gjevnt og trutt, og stadig auka belastninga. No er dei klare for dyst.

- Det er eit stort spenn mellom utøvarane som er med. Både i alder og fysisk form. Men me har trent godt desse 6 månadane, og alle er klar til start fredag 7. juli, seier Vegard.

Aktivitetshelg
Til no er det samla inn godt over 100 000 kr, der inntektene går til å skapa ei aktivitetshelg for barn som er eller har vore ramma av kreft. Vegard Skjeldestad har sjølv vore ramma av kreft då han var 12 år, og veit belastninga dette er.

- Då eg var sjuk sette eg utruleg stor pris på dei aktivitetsturane eg fekk vere med på. Det var viktig å få eit avbrekk i kvardagen, og eit lite avbrekk frå sjukdommen. Me reiste mellom anna til Eurodisney i Paris, dyrehagen i Kristiansand og Hunderfossen. Det var ei oppleving utan like, og dette ynskjer eg å få til også her i Sogndal. Alt ligg til rette for at me kan skape ei flott aktivitetshelg – fjell, fjord, klatrevegg, breen, Lustrabadet, kaien, sykling og fotball. Dette har me tru på!

Fredag 7.juli brakar det laust for Vegards Krefttråkk. Då set dei seg på sykkelsete i Lærdal og gjev seg over fjella. Det er forventa målgang i Sogndalsentrum laurdag 8.juli mellom kl.15 til kl18. Vegard gleder seg litt den lange turen.

- Eg er litt nervøs no, men eg gleder meg til å kome i gang. Det er dette me har jobba for. Og me skal halde fram å jobbe mot ein positiv kvardag for krefttråkka barn også i framtiden, avsluttar ein stolt Vegard Skjeldestad.

Korleis kan ein bidra?
- Me skal gjera jobben på sykkelen, men treng bidrag frå dykk for å fylla kontoen, seier Vegard. 

Slik kan du støtta aksjonen
Kr.1, kr. 5, kr.10 pr. km (430km totalt)
Kr. 1, kr. 5, kr. 10 pr. høgdemeter (totalt 4609m).
Eller etter eige ynskje. 

Summen kan betalast inn på kontonummeret til Vegards Krefttråkk: 3720 17 65537. 

Kontaktinfo: 
Vegard S Skjeldestad: [email protected] Tlf.: 91338071

Tur til Nigardsbreen

Dei 20 som skal sykla er:

Vegard Skjeldestad (kaptein), Åge Skjeldestad (syklist), Morten Navarsete (syklist), Vidar Kvåle (syklist), Magne lund (Visekaptein), Nore Hjellhaug (syklist), André Kalstad (syklist), Per Oddmund Flatane (Visekaptein), Bjørn Skjedestad (syklist), ), Ørjan Horvei (syklist), Ørjan Hjellhaug (syklist), Odd Bjarne Norheim (syklist), Jørn Skjeldestad (syklist), Weronica Øvstetun (syklist), Kristine Hus (syklist), Bjarte Frækaland (syklist), Terje Skjeldestad (syklist),  Andreas Bjelde (syklist), Kåre Stokkanes (kaptein) og Helge Haugen (syklist).

I tillegg stiller eit sterkt støtteapparat:

Thomas Navarsete (mekanikar), Olav Asle Øvstetun (mekanikar), Arnstein Hauge (mekanikar og fotograf), Jan Terje Nondal (sjåfør), Ingolf Yttri (altmoglegmann), Bodil Skjedestad (sjåfør), Rasmus Mo (hjelpar) og Sigrund Hilleren Nondal (hjelpar).


Annonse fra Obos-ligaen: