Draumehelg med Vegards krefttråkk

Aktivitetshelg i Sogndal for familiar med kreftsjuke born.

Denne helga gjesta over 70 personar Sogndal. Felles for dei alle var at dei har hatt eller har eit barn med kreft. Dei var inviterte hit av oss i Vegards Krefttråkk.

Sist sommar sykla 20 av oss Jotunheimen Rundt til inntekt for kreftsjuke born og deira familiar. Me fekk inn kr. 253 000,-. Tusen hjarteleg takk til alle som bidrog til at denne kontoen var fylt opp.

Vegards Krefttråkk_1

Denne helga ynskte me å omsetja pengane til eit friminutt for familiane. Dei kom til Saftbygda fredag. Aktivitetane starta laurdag morgon på Brannstasjonen i Sogndal. Dei hadde laga mange barnevenlege aktivitetar. Alle fekk prøva å sløkkja og sitja i brannbilane. Sjølvsagt var Bjørnis der.

Vegards Krefttråkk_2
Sogndal Brannstasjon

Les: Familien frå Sogndal fekk ein velkomen pustepause frå kreftbehandlinga - porten.no

Nettbuss frakta oss fram til garden til Agna Hollekve, der ungane fekk ri og helsa på spanande dyr. Ingolf Yttri hadde fyrt opp grillen og serverte barneselskapmat. Sogndal røde Kors stillte med fire snøscooterar og turkøyring med slede.

So gjekk turen ned att på Quality Sogndal Hotel, der popkorn, softis og barnefilmar var hovudinngrediensen for ungane.

Om kvelden hadde me barneselskap, der og ordføraren vår var til stades. Einar Bolstad og Bjørn Tore Aaroy framførte sang og spelte til ære for gjestene. Det heile vart toppa då Einar inviterte Kari Malmanger opp på scenen for å syngja ein av hennar sangar.

Vegards Krefttråkk_4

Sundag var det klatring og buldring i Sognahallen. Sogndal Klatreklubb stilte mannsterkt og sytte for at alle som ville fekk prøva seg i høgden. Det vart og tid til anna leik og moro på graset i hallen. Me fekk besøk av sogndalspelarar og Eirik Bakke. Mange var og innom garderoben til spelarane.

Vegards Krefttråkk_5
Ole Amund Sveen tok og turen innom Sognahallen.
Dei ivrigaste vart att for å sjå kampen mellom Sogndal og Kongsvinger.

Me er svært takksame for at so mange bidrog til at dette vart eit storefri for familiane. Nettbuss, Sogndal Brannstasjon, Meny, Intersport, Toyota Sogn/Hertz, Lerum, Stil Frisør og Velvære, Quality Sogndal Hotel, 2A-heimen, Sogndal Røde Kors og Sogndal Klatreklubb var rause i sine leveransar.

Dette vart ei helg me aldri gløymer. Tusen takk til alle som gjorde det mogleg.

Vegards Kreftråkk
v/Rasmus Mo

Annonse fra Obos-ligaen: