Victor Grodås styrer Sogndal sitt Fantasy-lag

Alle laga i eliteserien har no sett opp sine eigne Fantasy-lag. Grodås styrer Sogndal sitt lag.

I dag lanseres den offisielle ligaen for klubbene i Eliteserien. Alle laga i Eliteserien har valt sin eller sine kapteinar som har ansvaret for å sette opp klubbens lag før kvar runde. Victor Grodås er vår kaptein, og er svært positiv til den nye Fantasy ligaen.

- Dette ser vært bra ut. I samarbeid med Norsk Toppfotball, Eurosport og VG trur eg me har treft bra på prissettinga av dei ulike spelarane i årets Eliteserie, fortel Grodås.

- Det er gjort eit godt stykke arbeid i forkant av lanseringa, og det er kult at så mange som 20.000 allereie har registret seg.

Kom i gang med Eliteserien Fantasy her

Victor har fått ansvar for å sette opp Sogndal sitt lag til fyrste runde, og kan fortelje at det har vore utfordrande å finne den beste startelvaren.

- Det har vore utfordrande å sette opp eit godt lag, men eg håper me har fått ein god balanse no. Ein kan jo aldri vere heilt sikker før me er i gang. Spelarane må vere i form, det skal vere flyt, og ikkje minst må ein treffe godt, seier Grodås.

Eliteserien Fantasy kan skape entusiasme rundt fleire lag i Eliteserien.
- Eg trur at med Fantasy kan dette gi eit løft for alle laga i Eliteserien. Har ein éin eller to spelarar på laget sitt, vil ein automatisk følge litt betre med på alle rundens kamper. På denne måten kan ein skape større entusiasme for dei ulike laga fleire stader i landet.

Men Sogndal sitt lag vil Grodås ikkje røpe.
- Nei, laget kan eg ikkje kome med. Vil jo ikkje røpe alle dei gode tipsa, seier Grodås med eit glimt i auga. 

Sesongkort 2017 1600x900.png

Kjøp ditt sesongkort her

Annonse fra Obos-ligaen: