Vidare i cupen

Ole Amund skåra to då me vann 5-0 mot Stryn

Me vann ein komfortabel 5-0 siger i regnet mot Stryn i kveld.

Med tre debutantar på bana frå start, stilte me med eit ungt mannskap mot Stryn. Veteran og heimvendt son Ulrik Flo var kaptein, då Lønne Dyngeland overlot plassen i buret til debutant Håvard Hetle. Eivind Helgesen spelte sin første frå start, og Johan Flo frå Sogndal 2 gjorde ein god figur på faren (Tore André) sin gamle heimebane.

Karane tok kommandoen frå start, og det tok ikkje lang tid før Joachim Soltvedt klinka ballen i garnet bak heimelaget sin keeper. Laga gjekk så til pause på stillinga 0-1.

Les kampreferat på Firda Live

Ole Amund Sveen kom inn for Johan Flo i pausen, og karen frå Redalen brukte ti minutt på å enda ein meir enn to år gamal skåringspause. Sist Ole Amund skåra, var då han skåra mot Stabæk i april i 2017, samstundes som han knakk leggen. Han har jobba hardt for å koma tilbake, og det er særs fortent at han no er tilbake for fullt.

NRK: Tomålshelten takkar trenaren for at han framleis spelar fotball

Per Magnus skåra på eit flott frispark, Ulrik Flo tappa inn ei skåring på kjent grunn og så avslutta Ole Amund med sin andre skåring då han fastsette sluttresultatet til 0-5.

Me snakka med Eirik Bakke etter kampslutt.




Håvard Hetle debuterte frå start og fekk clean sheet i debutkampen.





Me tok ein prat med Flo og Sveen etter kampslutt.
Reporter Ariel Lillestøl.

Annonse fra Obos-ligaen: