Vidare i G19 NM

Juniorlaget slo Brumunddal 4-0 i 2.runde-kampen

Juniorlaget tok seg greitt vidare til 3. runde i NM, etter at dei slo Brumunddal med komfortable 4-0 i dagens kamp på eit Fosshaugane Campus som låg bada i sol.

- Me var klart best frå start til slutt, og gutane stod bra på i dag, sa ein nøgd Rune Bolli Bolseth etter kampslutt.

Sogndal tok føringa i kampen etter 17 minutt. Eivind Helgesen vart lagt i bakken i feltet, og kampens myndige og gode domar, Tommy Skjerven, peika på straffemerket. John Hove skåra sikkert.

- Sjølv om det var nivåskilnad på laga frå første spark, klarte me ikkje få gode nok innlegg eller avslutningar på mål, leiinga til pause var i det miste laget, seier Bolli om 1-0 til kvilen.

Etter pause punkterte me i realiteten kampen tidleg. Berre fem minutt inn i omgangen, skåra Anders Johannesen Nord sikkert etter ein flott stikkar frå Eivind Helgesen.Elleve minutt seinare auka me til 3-0 ved ein flott kipp av Johan Hove, ogdet var Anders Johannesen Nord som fekk avslutta med 4-0 etter nok ei flott skåring.

Johan Hove, Tomas Totland og kaptein Ulrik Fredriksen var med frå A-stallen.

Desse elleve starta kampen: Fartein Bøyum, Tomas Totland, Ulrik Fredriksen (c), Eirik Stokkanes, Tobias S. Klepp, Johan Hove, Elias Mittet, Jan Reidar Grane, Anders J. Nord, Eivind Helgesen, Jens H. Øvreseth.

På benken sat desse: Erik Johannesen Skrede, Mikkel R. Erlandsen, Adam Khamurzaeyr, Mathias Sundberg, Eirik Lereng, Daniel N. Tonheim.

Omlag 50 tilskodarar var på tribuna i lag med hunden Justin Hove. Dei koste seg i det flotte somarvêret.

Stao no pao!

Lurifax Support var og tilstades uner kampen i går.
Sjå kampreferat og intervju av Bolli her.

Annonse fra Obos-ligaen: