Sogndal United

Fotball for alle 2014

Strålande arrangement på Fosshaugane Campus

Laurdag 21 juni var det samla ein flott gjeng fotballspelarar på Fosshaugane Campus. 17 spelarar med utviklingshemming frå heile Sogn og Fjordane møtte opp og var klar for ein innhaldsrik dag.

Spelarane kom ifrå Sogn, Førde, Jølster og Stryn og vi var alle einige om at det er plass til fleire spelarar-frå fleire kommunar i fylket- på neste samling. 

Sogndal United og Sogndal Fotball var arrangørar og det var lagt opp til ei todelt fotball økt med grunntrening og kamp. Vi avslutta dagen med sosialt samvær og eit fellesmåltid.

Samlinga starta i A-laget si garderobe der det vart informert om dagens treningsøkt, deretter såg vi supportar sangen "Me er med" på storskjerm før vi stillte opp og gjekk inn på stadion til «Stao no pao», akkurat slik som tippeligalaget gjer på sine heimekampar. Dette var nok høgdepunktet for dagen for enkelte av spelarane.

Trenar og spelarutviklar Marius Bøe hadde med seg tre unge spelarar, dei hadde gjort klar bana slik at spelarane fekk ei god økt med div grunntrening som skottrening, slå pasningar, demping av ball ol.            

Etter ei kort pause var vi klare for kamp, to 9-ar lag spelte ein god fotballkamp der vi heldigvis unngjekk skader. Det vart scora mange flotte mål i denne kampen. Etter fotballøkta var det tid for middag, kaffi og sosialt samvær. 

Det var ein fornøgd gjeng med fotballspelarar som mottok SIL vimpel av Marius Bøe på slutten av dagen.

Annonse fra Obos-ligaen: