Sander er selt til Start
Sander Aske Granheim (19) er klar for Eliteserien. A-laget
Sander Aske Granheim (19) er selt til IK Start. Han blir dermed nestemann på lista over spelarar som tek steget vidare til eit høgare nivå etter å ha utvikla seg i Sogndal.
– Eg er veldig glad for å ha signert for Start. Eg kjenner at dette er ei god moglegheit for meg til å vise meg fram i Eliteserien, seier Sander.
Guten frå Sandane fekk gjennombrotet sitt på A-laget i fjor, og spelte samlege kampar i OBOS-ligaen. I rekordfart vart han ei viktig brikke på A-laget, noko han har halde fram med å vere også denne sesongen.

– Me vil sjølvsagt merke at Sander har reist frå oss, då han er ein fantastisk fin type og ein god fotballspelar. Etter samtalar og diskusjonar med Sander og teamet hans gav dei uttrykk for at dei ønskte å ta denne moglegheita. Sogndal Fotball er godt nøgd med rammene og avtalen med IK Start, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.
– Med hausten framfor oss skulle me gjerne hatt han med vidare på laget, men dette er også ein del av strategien vår, og det er ei fantastisk fin moglegheit for Sander til å ta det neste steget som spelar, legg Flo til.
Tek nivået raskt
Granheim kom til Sogndal frå Sandane i august 2023, men han spelte også for Sogndal før det. Gjennom kampar i nasjonal serie hospiterte han med Sogndal NG17. På denne måten fekk han spele mot dei beste i landet, samstundes som han kunne spele for Sandane i den lokale serien. Eit døme på godt samarbeid mellom lokale klubbar.
-
Sander Granheim forlengjer kontrakten!
A-laget
-
Sander Aske Granheim har signert proffkontrakt!
A-laget
-
Sander Aske Granheim er teken ut på G18-landslaget!
A-laget
-
Sander Granheim er månadens unge spelar i mai!
A-laget
-
Granheim-dobbel sikra sterk siger og avansement i NM!
Sogndal G19Utviklingsavdelinga
-
Sander (18) vel Sogndal: – Me har noke på gang
A-laget
-
Desse er på B-lista hausten 2024!
A-lagetSogndal 2Utviklingsavdelinga
I 2024 tok Sander steget opp til Sogndal G19 og Sogndal 2. Han spelte samlege kampar og vart kåra til årets spelar for Sogndal 2. Då han fekk moglegheita på A-laget, tok han nivået raskt og vart også teken ut på G18-landslaget. I år har han òg fått ein kamp for G19-landslaget.
– Tida i Sogndal har vore fantastisk. Det er ei fantastisk spelargruppe, og eg har fått mange vener for livet. Eg er veldig takksam for alle som har jobba med og rundt meg, og som har lært meg mykje og hjelpt meg til å utvikle meg, seier Sander.
Rosar trenarane
– Sander har hatt ei formidabel utvikling og arbeidd godt og hardt. Nok ein gong sel Sogndal ein ung og lokal spelar til eit høgare nivå. Eg ønskjer å rose trenarane i utviklingsavdelinga og på A-laget, som har hjelpt endå ein spelar til å utvikle seg godt, seier Håvard Flo.
Det er synd å miste ein viktig lokal spelar og ein fin person, men me gler oss på vegner av Sander. Samstundes er me stolte over at endå ein lokal spelar har teke steget opp til eit høgare nivå.
Me takkar Sander for fine år i Sogndal, og ønskjer han masse lukke til hos Start og i Eliteserien!


