Sogndal - Åsane

Fosshaugane Campus - Avspark klokka 15:00

Sogndal er vårvakker og flott, og midt i konfirmasjonshelga er det óg duka for spennande fotballkamp. Me gjer oss klare til Sogndal - Åsane, med avspark klokka 15:00 på Fosshaugane.

I tilsvarande kamp i fjor vart det 3-1 til karane


Dengang var det gjestene som opna skåringsballet, og det var av sine eigne ein skulle ha det. Tomas Kristoffersen klinka ballen i nota for gjestene, som knapt hadde fått jubla ferdig før Akor utlikna. Det var 2-1 til pause, vårt andre mål kom ved eit sjølvmål.

Etter kvilen fortsatte karane og mala på, og det var heilt fortent då Sivert Mannsverk kunne sikra sigeren med skåring til 3-1.

Les også: OBOS-Ligaens runde 7

Me har hatt våre feider på bana mot Åsane opp igjennom. Me møtte dei til treningskamp i mars, då vann me 1-0. I fjor møtte me dei to ganger på ei veke på hausten, først heime i NM og like etter fekk me vera på opninga av det flotte, nye anlegget deira. Dei oransje vann 2-0 i Sogndal og fekk den festen dei ønskja seg med 1-0 under opningskampen. Eit minne som framleis svir er 1-4 på 16. mai i 2018, medan me vann med same resultat i opningskampen i 2020.

Lagoppstilling (klar 75 min før avspark) og statistikk rundt dagens kamp

Åsane har hatt ein nokså trasig start på årets sesong, og er veldig sugne på å hala i land årets første siger. Så langt står dei med tre uavgjort og tre tap, og no i veka rauk dei i første runde i cupen. Slike lag er vonde å møta. Difor må me vera på topp i dag om me skal ta med oss tre poeng.

Yr hadde lova oss strålande sol og god temperatur under kampen, men førebels er det ein heller overskya vêrtype her i dag.

Det er framleis mogleg å kjøpe billettar Kom på kamp og støtt karane!

Er du vår beste tippar? Bli med på OBOS-tipset

Karane har planar om å skåra masse mål i dag! Bli med i Målklubben du óg!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: