Sogndal - KFUM Billettar

Fosshaugane Campus, Søndag 7. august klokka 15:00

Me tek i mot KFUM til den 19. runden av OBOS-ligaen 2022!

Kjøp billett til kampen her

Me har allereie møtt laget frå Ekeberg to gonger so langt i år. I den første kampen spelte me tredje runde i NM, og den vann me etter ekstraomgangar og dramatisk straffekonkurranse.

Få dagar etter møttest laga på ny, og Oslo-laget gjekk i strupen på karane våre frå start. Det stod 3-0 etter at halvtimen var spelt, men me heva oss etter pause og var nær ved å setja utlikninga mot slutten av kampen som enda 3-2


Sist me møtte KFUM på Fosshaugane var i august i fjor. Då var det våre karar som var i leiinga med 3-0, men to kjappe bortemål på tampen av kampen, gjorde at det vart spennande heilt til slutt. 


Det har vore mange tøffe duellar mellom Sogndal og KFUM dei siste åra, der dei oftast vinn heime i Oslo og me tek poenga på Fosshaugane. 

Me håpar at mange kjem på kampen søndag 7. august og støttar karane!

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: