Emil forlengjer med Sogndal

Sogndal Fotball og Emil Lunde Hillestad (17) er samde om ein ny og forlenga kontrakt.

Den talentfulle forsvarsspelaren frå Sogndal har signert ein avtale som bind han til klubben til sommaren 2029.

– Dette er ein klubb eg er veldig glad i. Eg har vakse opp her og gått gjennom alle gradene. Det er ein utruleg fin gjeng me er no, og den har eg lyst til å vere ein del av videre også, seier han.

Debut i OBOS-ligaen

For eitt år sidan signerte Hillestad sin første profesjonelle kontrakt med Sogndal.Sidan den gong har utviklinga halde fram.

Denne sesongen har 17-åringen fått debuten sin i OBOS-ligaen. Først med eit innhopp i 2-0-sigeren mot Åsane. Då avslutta Sogndal kampen med ei heillokal forsvarsfirarar samansett av Mathias Øren (Sogndal), Sander Granheim (Sandane), Even Hovland (Vadheim) og Emil Hillestad (Sogndal).

Emil fekk deretter sin første kamp frå start borte mot Raufoss.

Emil Lunde Hillestad med ny kontrakt.
Emil Lunde Hillestad med ny kontrakt.

– Sesongen så langt har vore veldig fin for min del. Eg har fått utvikla meg fint, og mot slutten av vårsesongen har eg fått fleire og fleire minutt. Det er veldig kjekt, og eg er takksam for at eg får sjansen. No handlar det om å ta vare på dei moglegheitene, jobbe vidare og håpe på endå fleire, seier Emil.

Skåra mot Sverige

Samtidig har han vore ein sentral spelar på eit Sogndal 2-lag som har imponert stort i Norsk Tipping-ligaen avdeling 3. Hillestad har også markert seg på landslaget og skåra sitt første mål for U17-landslaget i kampen mot Sverige.

Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk, er glad for å ha Emil med vidare.

– Emil signerte sin første profesjonelle kontrakt for eitt år sidan. Då var tanken at dersom han heldt fram den gode utviklinga, skulle me sjå på ein ny avtale. Denne forlenginga er ei anerkjenning og ei belønning for arbeidet han har lagt ned og det han har vist fram gjennom det siste året, seier Flo.

Følgjer strategien

Han trekkjer fram både utviklinga på bana og erfaringane Hillestad får internasjonalt.

– Me håpar Emil skal halde fram den gode utviklinga og finne ei endå sterkare rolle i A-laget. Han har gjort ein god figur både hos oss og på landslaget, der han får verdifull matching mot jamaldringar på eit internasjonalt nivå.

Flo meiner forlenginga også passar godt inn i måten Sogndal jobbar på.

– Strategien vår er å satsa på og utvikle dei unge spelarane våre. Me ønskjer å gi dei tryggleik og gode vilkår for å utvikle seg. Samtidig handlar det om å sjå heile mennesket og byggje spelarane både på og utanfor bana, slik at dei er best mogleg rusta til kvardagen og krava i toppfotballen.

Emil har fått meir og meir speletid på A-laget.
Emil har fått meir og meir speletid på A-laget.

Klubb og spelar ser fram til å halde utviklinga fram saman dei komande åra.

Utvikling av eigne spelarar står sterkt i Sogndal, og det siste året har fleire unge talent skrive under kontrakt eller forlenga med klubben:

Annonse fra Obos-ligaen: